Telemarkfestivalen

Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival som tek sikte på å presentere god musikk i eit mangfald av sjangrar innanfor folkemusikk, og det å skape og formidle unike konsertopplevingar! Festivalen har vore arrangert kvart år sidan 1990 og har om lag 4000 besøkande kvart år. Bø er ein stad med lange og sterke tradisjonar når det kjem til tradisjonell norsk musikk; og særleg med tanke på hardingfela. Bø er fortsatt bustad for mange av dei mest anerkjende spelemenna i Noreg. Grunnlaget for festivalens eksistens er basert på å ivareta og utvikle den norske folkemusikkarven.

Så vel som å sjå bakover, ser me også framover – og utover i verda. Telemarkfestivalen er ein arena for både tradisjonell, moderne og internasjonal folkemusikk, og me har lært at viss ein samlar folkemusikkutøvarar frå heile verda i ein liten bygdeby, ja, då kan det oppstå musikalske mirakel!

Kontaktinformasjon

Telemarkfestivalen, Gullbringvegen 34, 3800 Bø

Telefon: 48 20 50 66

Epost: post@telemarkfestivalen.no

gullbring
Fikk en smaksprøve av det nye baconpopcornet i dag😱😍😍😍 #bacon #love
gullbring
Kubbestolutstillinga e på plass! #kubbestol #bø @gullbring @dyrskunseljord
gullbring
Forsnakk om Henrik Ibsen før Hedda Gabler i kveld #teateribsen #telemarkmuseum
gullbring
Velkomen til premiere på IT i kveld. Hvis du tør! #it #skummelt #premiere @gullbring @bokinotelemark #bø #mittelemark