Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein kvedar fra Seljord i Telemark. Mens andre ungar høyrde på Spice Girls og dansa til Scatman gjekk sju år gamle Ingebjørg opp til Ragnar Haugstøl og lærde seg gamle Seljordsviser. Sidan den gong har ho kveda, sunge viser, spelt teater, heldt konsertar og kurs, og tilbragt dagane saman med grammofon- og arkivmateriale – fordjupa i folketradisjonane og kulturhistoria vår. Og ho har fortsatt å utvikle sin eigen klang saman med Agnes Buen Garnås, Øyonn Groven Myhren og Unni Løvlid.

Ingebjørg er ein allsidig kvedar, kjent for si varme stemme, stilkjensle og forteljarevne. Ho har laga forestillinga «Guro Heddelid» for Riksscenen, “Brokete lauv” for Telemarkfestivalen, sunge for store og små med vokalduoen Fivil og vokaltrioen IMOG, og turnerer med konserten “Burns på dialekt” med Åsmund Nordstoga . For tida er ho aktuell med plata “Klokkur som ringjer deg heim”, ei plate med songer som spenner i tid frå ballade frå mellomalderen til politisk vise frå 80-talet. Blant skrapete gamle voksrullopptak av gløymde skattar og unike noter frå 1850, har ho funne stor musikalitet og gripande soger om levd liv.

Frå anmeldelsene av plata:

«En virkelig lytteropplevelse.(..) Sangene byr på fabelaktige, mange ganger også universelle fortellinger, formidler uttrykksfullt og vakkert gjennom Lognvik Reinholdts klare stemme»

Vårt land, Ole Johannes Åleskjær

«Heiltstøypt, vakkert og interessant.(…) Her får Ingebjørg fram ei einestande stemning med si varme røyst og gode formidling. Skaff deg plata og gjev deg sjølv ei god stund! »

VTB, Ellen Nordstoga

Foto: Idun Emilia Lervik

Konserten arrangeres av Bø Kulturnettverk

Dato

søn 27 sep 2020
Expired!

Tid

19:00 - 20:30

Se mer

Billetter

Sted

Storsalen
Gullbring Kulturanlegg
Billetter