Gullbringbadet

Utleige Basseng

Svømmeleir

Badeanlegget i Gullbring er godt egna for svømmeklubbar som ynskjer å gjennomføre treningssamlingar med sine fasiliteter og Gullbrings moglegheit til å gjera opphaldet tilrettelagt sånn at du kan konsentrere deg om badinga.

 

Bassengets Fasiliteter

Badeanlegget har eit terapi-/varmebasseng og eit stort svømmebasseng med 6 banar og stupeanlegg.

Praktiske Fasilitetsfakta:

  • 25 m svømmebasseng inndelt i 6 banar.
  • Stupeanlegg med 1 og 3 m sviktbrett og 3 og 5 m stupetårn.
  • Plaskebasseng med boblebenk.
  • Terapibassenget «Heitehølen» med 34 grader.
  • Garderobar med nøkkelskap og badstue

For mer informasjon om fasilitetene ta en titt på sidene om Gullbring badet: https://gullbring.no/bad/

 

Praktisk

Adkomst

Med bare 5 minutters gange til sentrum og Bø jernbanestasjon er det enkelt å planlegge eit opphald her. Reisetid med tog frå Oslo er 2 timar og frå Kristiansand i underkant av 3 timar. Ellers er det hyppige avgangar med buss til Tønsberg/Torp og over fjellet til Bergen og Haugesund.

Servering og Overnatting

Under oppholdet kan vi i tillegg til leige av basseng tilby servering og overnatting på huset. Vi har også godt samarbeid med andre serverings- og overnattingsstader i Bø og omegn.

 

Grupper

Badeanlegget i Gullbring er tilgjengeleg for leige utanom ordinær opningstid. Det er populært i samband med bursdagsfeiring, diverse avslutningar og for grupper som ynskjer ein aktivitet. Vi stiller med badevakt og servering.