Telemarkfestivalen 2025 | Ragnhild Hemsing Trio
Om arrangementet
Vinterlege tonar i august!
Ragnhild Hemsing Trio: «Vetra»
Torsdag 7. august 2025
Festsalen, Bø hotell, kl. 21:00
335,- inkl. bill.avg.
Vinterlege tonar i august!
Ragnhild Hemsing er kjend som ein allsidig og leiken artist med stor formidlingskraft. Ho er ein meister på både fiolin og hardingfele, og smeltar saumlaust laust saman folkemusikktradisjonen og den klassiske musikken. Då ho spelte Edvard Grieg på albumet Peer Gynt saman med Trondheimsolistene i 2022, trilla Aftenpostens kulturanmelder Maren Ørstavik ein seksar på terningen. Ørstavik meinte at verka blei «spelte med så mykje kreativt overskot og kjærleik til musikken at det er umogleg å ikkje la seg rive med.». I 2024 var ho festspillmusikar under Festspillene i Bergen. «Sjeldan dedikasjon og høgt kunstnarisk nivå», skreiv NRKs Eystein Sandvik.
På Hemsings nyaste album Vetra kombinerer ho igjen ulike musikalske uttrykk, der tradisjonelle slåttar står side om side med nykomponerte verk. I januar framførte ho musikken frå plata i sjølvaste Operaen med fullsett sal. Vetra tyder vinter på valdresmål. Her er det nettopp den norske vinteren som får skine, og fleire av verka tek oss med inn i norsk mytologi og trolske historier om naturens skapningar. Hemsing sjølv har røter i Valdres – eit kjerneområde for norsk folkemusikk. På 1800-talet reiste komponisten Ludvig Mathias Lindeman til Valdres for å teikne ned lokale slåttar og melodiar – som ein av dei fyrste i Noreg som samla inn folkemusikk systematisk. På Vetra er eit utval av desse sette saman med to eigenkomponerte verk: Vetrahalling» og «Vinterstemning».
Medverkande:
Ragnhild Hemsing – hardingfele, fiolin
Steinar Raknes – kontrabass
Terje Isungset – perkusjon, div instrument
Velkomen!